Basshjørnet

Torstein

Thursday, February 14, 2008

Ei lita oppdatering...:)

Ja no nermar det seg snart eitt halvt år sidan sist eg oppdaterte bloggen min, så det er vel kanskje på tide å skrive littegrann...

Ja kva har skjedd sidan sist....? ...hmm... Det er ganske rart å tenke på, men på eit halvt år har det faktisk skjedd ganske mykje... rart og rart... jaja... Det har jo vore jul for eksempel! Jul er kjekt.. og snart er det påske! Då blir det ski og snø og kvikklunsj. Børskrakk har det vert.. Munkeprotest i Burma (håpar virkeleg at det skjer noko positivt der snart) Klimaavtalar, Terraskandalar, lommemannen endeleg pågrepen osv... R.I.P Kirkvaag. Lenge leve Brødrene dahl!

Gullet kom hém! Hém te Bergen...
Var og såg brann everton her om dagen på stadion... ikkje fullt så kjekt, men det var heller ikkje gale


Meg det siste halvåret:
Sidan sommar har eg jobba i kulturskulen på Austrheim. Har basselevar og gitarelevar. Veldig bra jobb! Berre bra folk å jobbe med (jobbar der framleis)... Eg har også tatt 2fy og 2mx, og no heldt eg på med 3fy og 3mx... Ikkje fullt så kjekt, men eg overlever:)

Sånn på musikkfronten så har det skjedd litt av kvart. Har jo spelt nokre konsertar med Håvard Lothe & co... Blant anna var vi og spelte på Radio1-cruise... Då var vi på Englandsbåten og spelte for fulle folk, og ein naken mann ...Seier ikkje meir... Vi fekk no oss ein solid opptur når vi kom heim og spelte releasekonsert for ei fullsatt Ole Bull scene. Samme veke var vi i Oslo og spelte på god morgen norge på tv2 og på "blå" (releasekonsert). På "blå-konserten" fekk vi med oss nokre tidlegare kongshaugelevar i pikekoret. Traff også mange kjente som høyrde på.. Det var virkelig kjekt!

Eg har faktisk byrja å lese ei bok.. (det er faktisk ganske utrulig... Forrige boka eg las var "donaldismen" av jon gisle) Den heiter altså "L" og er skriven av Erlend Loe. Ei veldig bra bok.. i alle fall så langt.. og lettlest er den og... Har komen halvvegs no.
Må sei eg har fått sansen for å lese bøker.. eller rettare sagt, bok, i eintal. No har eg faktisk noko å fylle tida med på bussen frå frekhaug til Bergen.. (Bur altså på Frekhaug for tida, i kjellaren til farmor og farfar) Det vart liksom litt for kjedelig å lese om derivasjon, integral, newtons lover osv... Og så føler eg meg litt meir vaksen der eg sit med beina i kryss og boka i fanget.

Eg får gjere som Erlend Loe og skrive litt lister...

Nye artige ting eg har fått sidan august:
Kontrabass
El-gitar
Bok om papirfly (takk jo sølve!)
Dataveske
Super Mario Galaxy (til nintendo wii)

Det siste halvåret har eg vore ganske distré, og gløymt/mista diverse ting på bussen (trur det har ein samanheng med at eg ikkje er vane med å ta bussen:
*Lommebok-mista-bussjåføren fekk heldigvis stansa ein mistenkelig kar med hettegensar ifrå å stikke av med den. Etter litt fram og tilbake fekk eg lommeboka mi att!
*Paraply-gløymt-dagen etter lommemann.. ehem.. unnskyld, lommebok dramaet. (berre slapp av... har ingenting med lommemannen å gjere) Fann den ikkje att på hittegodsavdelinga i knarvik
*lommebok-gløymt-Fann den på hittegodsterminalen i knarvik.
*Brann hua mi-gløymt-Såg den tilfeldigvis når eg var å køyrde med bil... tok ein 180 graders (eller pi-radianer om ein skal vere matematisk korrekt) vending og fekk stansa bussen i tide.
*Paraply-gløymt-Byrjar å bli stamgjest i tide sin hittegodsavdeling... ikkje noko resultat denne gongen
*Nike hua mi-gløymt-Enno ein tur til hittegodset utan resultat... : (
*Hanskane mine-gløymt/mista-Skal til knarvik ein tur i måra og sjekke:)

No er det vel ferie for folk flest.. Det er det for meg og... Blir kos å kome heim ei stund. Skal til oslo ein liten tur neste helg og forresten.. Be prepared oslo-people!
God ferie!

Det vart faktisk ei solid oppdatering!

Ein liten ting til...
Forslag om nye bøker eg kan lese, tas i mot med glede! (Gjerne ei bok om hukommelse eller noko slikt:)

Sunday, August 5, 2007

...

Ja no er snart sommaren over, sjølv om eg ikkje heilt kan kalle den siste månaden sommar. Den har, som dei fleste andre plassar her i Noreg vore prega av regn, regn, og dårleg ver. Trass det dårlege veret, har det vore nokre lyspunkt i mørke juli.
Må nevne det at eg har vore i bryllaup til Erlend og Miriam. Det var utruleg kjekt på alle måtar. Traff på mange nye folk, gamle kjente, og familien min då. Talane var verken lange eller kjedelige. Trur alle koste seg i bryllaupet! Må nevne at maten var eksepsjonelt god:)

Eit anna lyspunkt var at vi (Håvard Lothe med band ++) spelte konsert i bremanger, på rockweekend. Vi hadde vår første skikkelige konsert då. Sånn personleg synst eg konserten gjekk sånn heilt ok, men trur publikum var godt nøgde. Det var i alle fall ein veldig artig tur.

Elles i sommar har eg jobba ein del, stort sett som nattevakt, sovande, så eg har hatt mykje tid til å gjere fornuftige ting på dagtid... noko eg ikkje har gjort. Det har godt mykje tid foran skjermar... Mac, film, wii, og zappe igjennom tv-kanalane i håp om å finne noko interessant...

jeje!

Monday, July 16, 2007

Home sweet home!


Solund er ein relativt kjedelig plass på sommaren når ingen er heime og alle er på ferie. Men eg tør påstå at Solund er den beste plass på jord uansett! Var på fjellet i forgårs og lufta meg og tankane mine. Kva eg tenkte på heldt eg for meg sjølv:) men eg tok nokre bilete med mobilen min. (Er forresten veldig fornøgd med den. Tar bra bilder til å vere mobil:) (sony ericsson k800i))

Var også ute å fiska forrige veke med Håvard og Eirik (brødrene mine). Nydelig tur... det var ikkje så mykje fisk, men det var veldig koselig! Har nokre bileter her og.





























Tuesday, July 10, 2007

Sommarferie!

No e da endeleg sommarferie! (har hatt sommarferie ei veke no) Eg må sei at eg har hatt eit veldig bra år på kongshaug. Og eg kjem nok til å sakne skulen og ikkje minst alle folka! Men det blir godt å kome seg litt vidare i livet. Eg har mange gode minner frå kongshaug så eg trur eg legg ut nokre bilete.
Det allereie fantastiske året vart enno betre med ein kanonavslutning med sommartreff! Eg var eigentleg klar for ferie når sommartreff vart satt i gang, men ein god blanding av fantastiske leiarar og heilt supre deltagarar gjorde at dette vart ein verdig avslutning av kongshaug!

God sommar til alle som les dette!

Bursdagsfest i urhaug:
Studiogruppa (nokon av oss):
Kanotur ein vakker vårdag:


















diverse bilete frå kongshaug:










De får unnskylde litt rotete bileteplassering

Tuesday, May 29, 2007

Heia Brann!

Brann vann igjen... og ligg no på andre plass. Seier ikkje meir, berre Heia Brann!

New Post!

Tenkte det var på tide å oppdatere bloggen min no. Som dåke skjønar så tar facebook tid, men da e jo utruleg gøy! Har akkurat lagt til sånne apps. Ein der eg kan spele stein, saks og papir, og ein der eg kan høyre på musikk. (litt sånn itunes greie)
Eg tar sjølvkritikk for at bloggen min ikkje har blitt oppdatert på ei goood stund. Blogging er faktisk ganske gøy, men da tar i likhet med facebook tid, og tid er pengar... pause... not! Skal prøve å skjerpe meg... Rettelse: Skal skjerpe meg.

Thursday, April 26, 2007

Facebook

Da e jammen ikkje lenge sia eg fekk meg blogg, og no har eg altså fått meg facbook og.. merka at besøkande på bloggen har dalt. Da e skikkelig populært da facebookgreiene. Og eg må sei at det faktisk e genialt (sorry Jon). Men eg synst fortsatt at blogging e ganske kult, og kjem te å halde fram med å blogge. Kan nemlig ikkje sende bilder til facebook med mobilen. Da kan eg med bloggen min(!)